søndag, oktober 22, 2006
tirsdag, september 19, 2006
Misantropisk symjing
Det er ingenting som får fram dei misantropiske sidene ved meg som det å gå å symje på Domus når det er mykje folk.
Grunnar:
- Den tjukke mannen som alltid skal symje på rygg
- Folk som skal svømme møkkafort i mosjonsdelen av bassenget og pløyer glatt alle andre til side i sine valdsame symjetak
- Han som mot betre viten byrjar å symje bassenget på tvers.
- Dei tre middelaldrande vennindene som skal snakke med kvarandre medan dei sym på rekke opp og ned.Sjølvsagt sakte.
- Folk som sym sakte (sånn i det generelle)
I dusjen må ein i tillegg sjå alle dei stygge tatoveringane folk er dumme nok til å ha tatt gjennom livet (det burde vere eigne dusjar for folk med tatoveringar), og dei ekle slitte bomullstrusene deira som burde ha vore skifta ut for minst eit og eit halvt år sidan.
Ønskeliste:
1. Respekt
2. Eige symjebasseng
3. Respekt
4. Respekt
5. Respekt
6. Ulvang-sokkar
7. Respekt

mandag, september 11, 2006
tirsdag, juli 25, 2006
Jett kven som har starta slipsbutikk, med eget design. Huska du Thomas, svensken fra mosambique? Jadda; sjekkit out: http://www.umotive.com/shop.php?PHPSESSID=f71b3e6cdb6fbeaf367a145667f5ac43
Tralljh:)
Tralljh:)
tirsdag, juli 11, 2006
fredag, juni 30, 2006
Caråååla
I dag tidleg trippa eg glad og lukkeleg ned brugata med solbriller på veg til jobb. I det eg passerar 7-11 kastar eg eit lett blikk på framsidene av større aviser i Noreg, og ser at framsida av VG er tapetsert med Carola og ei utsagn frå ho om at ho og hennar kjære aldri har hatt sex. Eg kjenner sinne vakse i meg over at det er dette som media ser som viktig å bringe ut til det norske folk, og konstaterar (atter ein gong) at samfunnet er i forfall.
Etter jobb no i ettermiddag låg tidlegare nemnde VG på bardisken og eg kastar atter eit blikk mot framsida. Noko verkar kjent med Carola sin kjæreste. Hmmm. Eg tenkjer. Kor har eg han frå? Så kjem eg på det. Han er jo stamgjesten min! Jada, han bur rett over gata frå Dattera til Hagen, og er innom og drikk sin latte opptil dagleg. Tenk at eg og kjæresten til noko av det mindre vellukka Sverige har hosta opp, er praktisk talt bestisa.
På veg heim såg eg ein mann uten hals.

torsdag, juni 29, 2006
Aldri stol på ein bartender
De trudde kanskje eg var død, men den gang ei!
Eg hadde berre ikkje data vel. Men det har eg no.
Den er kvit og ganske fin. Også tar den bilete av meg. Haha.
I forigårs observerte eg Finn Kalvik utanfor døra vår med to polposar i henda.
Eg fekk vaktlista mi i dag og det slår meg at eg er oppført som bartender på laurdag utan at eg har fått noko nevneverdig opplæring i noko slikt. Eg ser det her som ei gylden moglegheit for å prøve nye miksar og få folk til å betale altfor dyrt for det. Forslag til spennande miksturar vert motteke med glede.
Eg ser for meg at det kanskje vert slik:
- Kunde: Hei. Kan du lage en drink til meg? Noe litt søtt. Men ikke for søtt asså.
- Bartender Tora: Ein gin, salt og sjokoladesaus coming right up!
Eg vert glad berre eg tenker på det!